Lars Sponheim snakkar med katten.
– Ei tekst skrive på grunnlag av samtlege innspel på tidlegare innlegg. (Unnateke det med semikolon. Men eg kan godt putta inn eit om det er ein stad i teksten at det høver?)

tilhøve
Ein ettermiddag i november. Lars S. er nett komen heim til Ulvik etter ei propagandaferd til Bergen, der han mellom anna vitja Studentparlamentet ved HiB. Han heldt ei lengre tale om korleis Venstre oppmoda om å nytta Olav H. Hauge maksimalt i nynorskopplæringa, og synte til tal frå ei fersk undersøkjing i Hardanger, der denne læringsstrategien hadde synt seg å vera fruktbar. Diverre kom han ei halv veke for seint til HiB, då Studentparlamentet førre veka hadde valt å nytta opptak av Liv Signe Navarsete sine samla talar til dette føremålet. 

i tunet
Katten sat i tunet då han kom. Som ulvikingar flest er Lars S. van med å slå av ein prat med katten når han treff på han, denne gongen er ikkje noko unntak. Dessutan har han ein overmåte pratsom katt.
– Hei katt, har det vore ein innhaldsrik dag her i Ulvik?*
– Nei, god dag, Lars, er det du som kjem? Nei, i dag har det vore lite å varast. Men so har eg helst lege inne òg då, det er jo haust. Korleis var Bergen? Grov dei på Danmarksplass denne gongen òg?
– Om dei gjorde! No har dei pinadø berre ein open vegabane over krysset. Av den timen det tok inn til sentrum i frå flyplassen, trur eg halve gjekk med frå Danmarksplass og inn!
– No lyg du, Lars, eg veit at du ikkje tek fly. Det er jo så fælt for miljøet.
– Oi, ja, du har rett. Eg hadde gløymt kor vâr du var for ljug. Eg berre tenkte det høvde å syta litt. Politikarar skal liksom gjera det.
– Ja, eg er vâr eg. Men du treng jo ikkje å syta her, no er du jo heime. Treng ikkje vera politikar her for min del.
– Godt, syting er ikkje min stil! Nei, katt, lat oss ikkje stå her ute på tunet lengre, me går heller inn.

inne
Lars S. tek av seg sko og ullsokkar, og går inn på kjøkenet og finn seg ein yoghurt. Katten legg seg til rettes på ullsokkane, men blir ikkje liggjande lenge.
– Jaggu trur eg eg er litt vâr for desse sokkane dine òg, Lars.
– Er du frekk, no, kattatykje?
– I care nothing for his anger!
– Orsak?
– Det var berre noko frå ei bok eg las hin dagen. Menne du? Er det ein yoghurt du har der? Kan eg få?
– Det skal vel verta ei råd med det. Lars S. hentar ein ny yoghurt og set framføre katten.
Den er veldig nøgd.
– God, what a beauty!
What a lovely, charming thing!
– Ikkje tyt så inst, et maten din!
Etter kveldsmaten vil katten ut. Dei tek avskil på trappa.
– God kveld katt, ser deg imorgon!
– For to-day we must part, glisar katten, nøgd med timinga – men imorgon er ein ny dag!
Lars S. lèt att ytterdøra, går inn i stova og slær på NRK2. Berre tre minutt ute i filmen Notting Hill, er nedturen i Studentparlamentet allereie gløymd.

*eg greier ikkje å skriva Sponheimsk, so eg omset til nynorsk.