eg kom slik i siget av å produsera den teksten om sponheim og katten. eg vil skriva meir!* kom med innspel og idéar! (neste tekst skal innehalda minst to semikolon)

(*somme tenkjer kanskje eg har nok å skriva med dei to semesteroppgåvene, men det er ikkje på langt nær like gjevande som fri dikting.)

eit av mine favorittdikt er skrive etter same “tilfeldige ord”-modell. det var ein dag (på gymnaset) me delte klassen og halvparten fekk skriva dikt og resten skreiv tørre informative tekstar om diverse litteraturperiodar. gjett ei gong kva halvdel eg var i! eg er framleis litt såra etter denne hendinga, særskilt sidan lærarinna på førehand, på elevsamtale, hadde sagt at me skulle skriva dikt. og eg hadde gledd meg! slik var diktet, laga på bakgrunn av forskjellige ord:

 

mamma kom heim.
edderkoppen kom opp igjen frå badekaret.

ulyden frå fela skremde fuglane.
pappa trykte svampen.

hjelmen var på, men hesten var ute av stallen.
endeleg stod sola midt på himmelen igjen.

fjella skugga ikkje lenger no,
men sola går ned igjen ein gong.

opp og ned, rundt og rundt
skrujernet kjem aldri til bunns.

 

– helene, marit, tor øyel

elevane likte dette diktet særs godt, men ryktet skal ha det til at lærarinna ikkje gjorde det. sjølv deltok eg på gruppa som skreiv om lyrikk 1960 – 1970. eg måtte sjå mitt eige namn i heftet for å hugsa det. diktet kan eg utanat.