vekevridd veit kva som skal til på trasige laurdagar med hagling på takvindauget. vekevridd veit kva som skal til på andre laurdagar òg. alle laurdagar, faktisk. det er vekevridd som er laurdag, alt anna vert berre dårlege etterlikningar. vekevridd er like morosamt heime på voss som i bergen. høgtlesing er obligatorisk. og eg trur det er difor eg skriv dette blogginnlegget no, eg har nemleg ingen å lesa høgt til i dag.

vekevridd11
gjev illustrasjon: gunvor

det var løye i dag òg. det var yvonne algrøy sin tur, om det fungerar slik då, det kan verka noko vilkårleg kven som skriv eigentleg, men det gjer ikkje noko. viss eg har ein vekevridd-favoritt, so er det nok algrøy, for ho er alltid inst morosam. eg trur det har noko med språket hennar å gjere eigentleg. dei andre to (linda eide og finn tokvam) dei skriv omlag same nynorsk som eg. eg er såpass van med mitt eige språk at eg ikkje kan gle meg i so stor grad over eide og tokvam sine uttrykk, som algrøy sine (for meg) meir oppfinnsame formuleringar og kraftsalvar. for det er det alltid. algrøy er  a l l t i d  provosert over eitkvart. (jfr. biletet over, henta frå vekevridden som kritiserte folk som skreiv ubrukelege kommentarar under avisinnlegg. den har kome opp på veggjen i bok-kroken min) den beste algrøyen eg nokonsinne har lese handla forsåvidt om språk, det var den om sonen som hadde hatt barnejente/dagmamma/au pair frå austlandet og som snakka stril (trur eg) med innslag av “jeg”, “grøt” og “kirke”. den kjem eg aldri over, eg trur den er to år gamal og like morosam. (eg har ikkje sett den på to år heller, for den del. den vart aldri klypt ut og hengt på ein vegg)

vekevridd2
gjev illustrasjon: gunvor

ein bete av dagens: Har ein først suksess på eit felt, så er det liksom ingen grenser for kva felt som skal nedleggjast. Smertefulle eksempel renn inn i hjernen. Politikarar er godt representerte. Jagland som vitsemakar med “Bongo frå Kongo”, Valgjerd som sangerinne med “La det swinge”. Men òg prinsesse Ragnhilds forsøk som edru på TV. Og meg sjølv som soss i 14 dagar på 80-talet. Ravande pinlege forsøk, alt saman. Enkelte har ei trong til å vise ei anna side av seg sjølv enn den dei pleier. Gjerne ei meir ellevill og lite sjølvhøgtideleg side. Den trongen må kuast.
~ yvonne algrøy

kva hadde laurdagen vore utan vendingar som “Det skal du steikje, føkke hakke meg få meg til å tru”, “Eg raudnar og skjemst i fleng”, “nokon seier pote, andre poteter, nokon seier skjethus, andre WC”, “velsigninga sat nok laust når øltønna kom på bordet, og dei sat der og belma og bad” (jfr. det andre biletet, frå vekevridden til tokvam om biskopane før i tida som “fråtsa rundt og tømte bygdene for mat og ikkje minst drikke”)? det hadde nok ikkje vore ein laurdag i det heile, det ville kjentest som ein fredag. truleg med ungdomsdebattsider i staden (ja, for det må jo vera ein grunn til at desse sidene ikkje finst i helgeavisene? “lat folk sleppa å ergra seg grøne over ungdommen i helgene i det minste!”). vekevridd4ævvah!

spring ut i regnet og kjøp bergens tidende!