eg har fått ei gåve av wordpress. her og der i redigeringsverktyet har den lagt til eitt og anna nynorskord til meg. utan at eg har bedt om det eller klaga over mangelen på det eller nokon ting. til dømes han eg no både “endra post” og sjå “brukarar”, og så har eg fått høve til å “førehandsprøve innlegget”. eg kan boltra meg i “taggar” og “kategoriar”. elles er alt på engelsk, og eg ser ikkje noko openberr logikk i oversetjinga heller, det er eitt ord her og eitt ord der inni all engelsken. men kor herleg!