eller siste time med huin 102. eller, lat oss seia dag. førre fredag var det duka og dekt for ontologimaraton. me leika oss med verktyet swoop, som er litt enklare å hanskast med enn protege, men som ikkje kunne lagra, og eg sit her såleis utan visuell dokumentasjon på alt me lærte og laga. me laga ein ontologi. (for dei som verkeleg treng ei visuell realisering av dette, så såg omtologien omlag ut som den greinete strukturen ein får mellom dokumentmapper og filar på dataen, når ein har slik visning at ein ser korleis dei heng saman. når ein kan trykka på + og få fram fleire og sånn. som den lange tråden med filar. slik såg ontologien ut.) det var mykje til hjelp tenkjer eg!

ein ontologi er framleis eit klassifiserings/sorteringsverkty til bruk for nett, der ein koplar omgrep (representert som knutepunkt i eit nett) med kvarandre, med å forklara kva for relasjon som finst mellom dei. eit slikt nett ser litt ut som dei grusomme tankekarta me måtte produsera på ungdomsskulen. gjerne seinare òg. ( fekk nokon nokonsinne læringsutbyte at slike? ) men det ligg meir meining i ontologiane, for dei spesifiserar korleis ting heng saman òg.

når ein ontologi på nettet finn ein ontologi som har noko av det same innhaldet som seg, kan dei kopla seg saman. det gjer dei ved å slå saman eit felles knutepunkt (altså ei tyding/eit omgrep), slik at båe ontologiar heng saman i dette fellespunktet. dette kallast FOAF – FriendOfAFriend, og høver omlag som den liknande funksjonen på fjesboka. ontologiane bitt seg saman gjennom det felles innhaldet i det eine knutepunktet (= deira felles venn) slik kan ontologiane veksa seg store og innhaldsrike. ein dag i framtida vonar ein at heile verdsveven er ein einaste stor ontologi som veit korleis alt heng saman. det er draumen. det er visjonen som ligg bak den semantiske veven som forstår alt, og som veit kva du søkjer etter på nettet.

 
til slutt kritiserte me ontologiar. ja, det gjorde me! for ontologiar er ikkje så flinke til å handsama dynamisk materiale, altså materiale som endrar seg. skal knutepunkta i ontologien endra innhald i tide og utide kan ein jo lett sjå føre seg det ustabile nettet som oppstår. sjå føre deg at det felles knutepunktet til ontologivenane ovanføre plutseleg endrar tyding i den eine ontologien – kanskje fordi området som ontologien er meint å representera brått vert utsett for ny forsking som snur og vender på alt den har representert. det var det venskapet.