“Ikke siden inngangen til august 2004 har hovedindeksen på Oslo Børs ligget under 200 poeng. Onsdag ettermiddag falt den tellende indeksen på Oslo Børs 7,59 prosent til 196,65 poeng. Så langt i år har børsen rast rundt 60 prosent i det som har tegnet seg til å bli en av tidenes mest alvorlige finanskriser. Krakket startet for alvor i september og har fortsatt frem til i dag.”  (- ei av dei avisene som skriv om slikt.)

og likevel. er eg uforskamma avslappa i høve mine eigne grunkar og gryn. dei var i banken sist eg sjekka, og skulle eg kjenna på ein trong til å ta ut min femsifra (i den nedste delen av dei femsifra tala) pengesum, så trur eg ikkje det har den katastrofale innverknaden på verdsøkonomien. (om sparepengane mine no skulle syna seg å vera heilt avgjerande for verdsøkonomien kjem eg til å bli grusom, slik som kurt) ja, eg veit at dei berre er nokre siffer i ein tabell og at dei ikkje ligg i ein safe som det står namnet mitt på. men dei er trygge i tabellen òg, det har banken sagt, beste banken i landet to år på rad:

“Nyhenda er prega av uroa i verdsøkonomien, og mange stiller seg spørsmålet om korleis dette påverkar bankane i Noreg. Voss Sparebank er som før ein trygg og solid bank!” – voss sparebank

Det verst tenkjelege eg kan koma på i høve pengar og slikt er om voss sparebank i høve finanskrisa ser seg nøydd til å krevja tilbake den fine pennen eg fekk av han i fjor, då banken feira at han var best 2. år på rad.