idag, eller igår, laurdag, hadde eg 80 treff meir enn på fredag, og dobbelt så mange treff som nokonsinne. (dette minner meg om matte-gåter. sånne med ei tante som er så og så mykje eldre enn nevøen sin alder delt på alderen til ei syster som er 8. opphøgd i absurditetar. kor gamal er per? slike oppgåver likte eg omlag like dårleg som tankekart.) men over til det opprinneleg poenget: grafen på bloggstatistikken ser direkte sjuk ut. kva SKJEDDE? det går jo ikkje an å søkje opp denne staden…. er det den semantiske veven som innhentar meg?