bc3b8kerweb

eksamen i huin102 er vel overstått (enn så lenge iallefall), og i
høve dette vel eg å skeia grundig ut og gjera nerdebloggen synleg
i google. no treng eg jo ikkje i like stor grad å stå inne for all
den tvilsame informatikkfilosofien eg har kome med her. (eg
har likevel ei lita myrk von om å villeida ein og annan nettkjelde-
brukande fjortis med lite kjeldekritisk talent med min
informatiske “kunnskap”)

eg er spent på den vidare vegen bloggen tek. det vert nok
nerding om fag til våren òg. og mykje nynorsk. og litt
svenskar. det er løye å ha ein blogg som eg ikkje oppretta
av eiga interesse, litt falskt liksom! men eg er glad i den
no, og eg vil at den skal ha ei framtid. at den framtida er
litt usikker er berre ein god ting.

 

heilt til slutt: kortfatta kritikk av eksamensavviklinga.

I: de har jo visst heile tida at me er fleire oppmeldte enn det var maskiner på det rommet! og de var flinke til å kommentera det kvar gong me brukte det datarommet.
(listene over oppmeldte ligg vel føre i…september ei gong? det er iallefall den frista studentane lyt ta omsyn til)
II: datamaskiner kan flyttast kvelden før. faktisk trur eg dei er vesentleg tyngre klokka 8 om morgonen!
III: når det syner seg at handling vert sett i verk fyrst på eksamensmorgonen, slit einkvar student med å opparbeida sympati ut frå orsakingar av slaget “det viser seg at det var fleire oppmeldte til eksamen enn det var datamaskiner på rommet”.
IV: kva med å gje eksamensvaktane ei kjapp innføring i minnepinne før den store dagen?

men. all æra til datateknikarane. det var ikkje dykkar skuld. takk for at de henta datamaskiner til oss. vonar de fekk gå heim og leggja dykk etterpå!