ja, for ei av bloggtrendene der ute er å blogga kva klede ein har på seg. det er faktisk så vanleg at det knapt er ei trend ei gong, meir so noko alle berre gjer. og sidan bloggen min opphavleg var ein pensumblogg, for å læra om nettbruk og web 2.0 og alt det der, tenkjer eg den i si levetid lyt utsetjast for det meste bloggverda har å koma med. idag, altså; ein såkalla outfit-post, trendy som få!

stil1

stil2

stil3

det var rett nok gårsdagens klede. (ikkje heilt i tråd med klesbloggtrenden, der eg helst skulle teke dagens klede.) dagens klede oppmodar ikkje like sterkt om å verta blogga, så.