det utset eg til imorgon. men elles er prosjektoppgåva stort sett ferdig. den ligg dandert kring datamaskina som ein kjip regnboge i svart og kvitt og masar om valfridom i høve informasjonsmengd og høve til kommunikasjon. det var nokre underoverskrifter. elles er det ingen ladde adjektiv i overskriftene lengre, unnateke i framleggsdelen, for der er det lov skal vita. i framleggsdelen er ladde adjektiv nett høveleg. spørjeundersøkinga er korrekt sitert. trur eg. den er tilogmed sitert dei stadene eg ikkje naudsynleg er samd med meininga. hah! så djup og reflektert oppgåve att. drøftinga er kan henda ikkje heilt god, men den kan òg fint utsetjast til imorgon. då skal eg laga ein ny regnboge av den omarbeidde oppgåva og ha kvalitetstid med den og alle ordbøkene mine.