eg har skrive ferdig prosjektoppgåva. siste korrektur vert i åttetida imorgon tidleg. følgd av det vanlege printa-stifta-og-levera-stresset. men klokka 13. er det ferie, og ein heil månad som eg kan disponera som eg vil. eg både vil og ikkje vil verta ringt frå jobben. eg vert jo løyen av å ha så mykje fritid. og pengar lyt ein jo ha. samstundes hadde det vore utruleg herleg å berre vera  a l d e l e s  fri.

i hovudet har det ikkje vore rom for anna enn harvard og “korleis i fanden finna sidetalfunksjonen i open office?!” i kveld. då både internet explorer og eld-reven nekta å samarbeida i halv ni tida opplevde eg eit mindre samanbrot – kva med innleveringa? heldigvis har isabel tekniske fingrar (ho kan seriøst heala BÅDE nettoppkoplingar OG smittande hyperlenkjer i tekstdokument. med småknepping utan å endra skjermbilete. eg var innom alle innstillingar utan reaksjon.)

mariell-kalenderen vil at me skal fotografera kjøleskapet.
det var jo overkommeleg, om enn litt pinsamt og…intimt.

kjc3b8leskapweb

utanpå: gamle beskjedar i oppløysing

kjc3b8leskap1web

inni: me samlar på ymse væske. og eg skal rydda i helga.

kjoleskap2web

i døra: endå meir væske, eg er flink å ta tran, og isabel plar å
ha sjokolade øvst, sjølv om sjokolade er best i romtemperatur.*
*som prova på hjelpekorpset i kveld. nokre av oss har alltid
visst det.