dei i kommentarfelta i nettavisene. minst halvparten av dei unge lovande som skriv inn til bt-batt-sida. og sikkert omlag 90% av alle bloggarar. samt dei som skriv skilta til fiskebutikken i nygårdsgaten.

KVIFOR må dei skriva? mykje og toskete. og, sidan dei skriv så mykje, korleis i helvete har det seg at dei ikkje vert betre til det? det er utruleg! så mykje kommentering, skiltlaging og blogging – og framleis inga innsikt i grammatikk og argumentasjon.  

at dei ikkje i det minste vert betre til å skriva? eg er sjokkert, og veldig veldig skuffa. eg vil ikkje at det skal vera slik. at folk skal vera så ubrukelege til å formidla meiningane sine (endå dette tek frå dei all argumentativ kraft, slik at desse helst toskete meiningane ikkje vert tatt seriøst av folk som sit med styre og stell og som – enn så lenge – kan grammatikk og argumentasjon).

eg vert lei meg når folk er så dumme! eg vert uroa når folk ikkje klarar å læra seg å skriva etter 10-13 års skulegang! eg vert uroa når folk ikkje klarar å læra seg å verta oppegåande menneske etter 10-13 års skulegang. for ikkje å seia eit halvt liv. dette er jo håplaust.

og så vert eg lett paranoid. kanskje det er eg som er feil. det er jo ingen som grip inn. ingen moderator i bt som slettar alt som er grammatisk og argumentativt heilt bak mål og idrettsplassgjerde. (det er draumejobben)  

snart er det berre ane og eg att. ein utdøyande art.  resten av landet kan ikkje skriva. eg orkar ikkje meir. eg får makk. og endå har eg ikkje fullført bachelor. eg torer ikkje å studera meir i tilfelle eg vert smartare. det er så mange fleire toskar der ute. livet hadde sikkert vore mykje enklare om ein var litt idiot. 

eg veit jo at eg er i overkant språknerd. det er sikkert ikkje vanleg å nærast få magesår av kommentarfelt og bt-batt-sidene. (no har vi heldigvis ikkje bt i vekedagane lengre, så då slepp eg å lesa ungdomsdebatten) MEN ÅH! ORKAR IKKJE MEIR! eg vil ikkje vita kor dumme de er, kan de ikkje berre slutta å visa det? eg vil så gjerne kunna tru på andre menneske.

 
(einaste magre lukka er at dette fører til at bokmålet drep seg sjølv, sakte og vellukka. for bokmålet er kommentarfeltskjendarane og blogg-ignorantane sitt språk, dei er jo alltid skikkeleg imot nynorsk.)