det følgjande er skitformatert og kan ikkje bergast. det er eit tilskot til isabel sin heimeeksamen, og heilt intenst keisamt. kortversjon: 1528 ord som ikkje formidlar stort.

Dei totusen siste orda
Vi er dei totusen siste orda på Isabel si oppgåve. Så enkelt er det. Vi veit ikkje heilt kva vi handlar om endå, så det vert mest tomt snakk. Ljos er nemnt. Vi veit ikkje kortid ljoset kom, men ein gong kom det. Nokon meiner gud lagde ljoset. Vi, dei totusen siste orda, trur han laga ljoset for å enklare kunna sjå det neste han skulle laga. (Om ein godtek at det var gud som stod bak denne nyvinninga då.) For vi meinar å hugsa at han laga ljoset fyrst, så resten. Det tok gud ei knapp veke å laga ljoset og resten, eit omlag heimeeksamen-stort tidsrom det, altså. Femtusen ord kan verka som eit forsvinnande lite vekearbeid i høve til ei verd med innhald, men ein skal hugsa på det, at gud strengt teke ikkje trong å skildra verda skriftleg. Då hadde han slite tenkjer vi, særskilt med omsyn til dei steintavlene han nytta. Heimeeksamen hadde truleg sett sjølve skaparen fast. Men han hadde vel skapt noko som redda han ut or situasjonen. Vi, dei totusen siste orda, meiner her å kunna konkludera med at heimeeksamen ikkje er noko gud har funne på. Alt talar for at heimeeksamen lyt vera fandens verk.

Vi dreg attende til ljoset. Pensumlitteraturen syg faktisk her. Sceneljos, kva då? Dei nytta stearinljos til dei plutseleg nytta noko anna. Kva var det? Når kom det? Kan pensumlitteraturen venlegast opplysa om dette, sidan det faktisk har er av tyding for oppgåva? Pensumlitteraturen gjer seg vanskeleg og sleip. Pensumlitteraturen går kring grauten i breie vendingar og freistar å koma utanom spørsmålet ved å syna bilete. Vi tykkjer han er beint fram ufordrageleg.
No vart vi avleidd av ei Alldays-reklame, men det går trass alt med nokre ord på å skildra den òg, så den vert via noko merksemd her. Vi skal jo trass alt verta totusen etterkvart, og klokka er allereie 22:55. Det var altså truseinnlegg-reklame i fjernsynet, og vi lurar på kor attraktivt det eigentleg er å gå rundt med ein konstant fæla blest kring seg fordi ein er så intenst fresh og nyttar Alldays. Om ikkje noko av tanken bak truseinnlegg var at folk flest ikkje skulle merka at ein nytta det. Vertfall ikkje det! Nittifem ord om Alldays der altså.

Før denne setninga er vi, orda, blitt 379, og vi innser at dette vert verre enn vi hadde trudd. Dæsken liksom. Men så skal ein jo nytta kjelder òg, i slike oppgåver. Slik kan vi verta fleire utan så mykje eigen tankeverksemd, så vi går på nettet og søkjer opp noko relevant. Til dømes sceneljos. Ordet «sceneljos» fekk berre eit google-treff, noko som er fint, så vi slapp å gjera noko utval no i desse seine kveldstimar. Ordet inngår i ein søknad frå Valestrand kyrkje:

1. Den Norske Kyrkja – TILSKOT TIL VALESTRAND KULTURKYRKJE
Den Norske Kyrkje, Kyrkjeverja i Sveio, har fått stønad på kr. 300 000 frå Norsk Kulturråd til å byggje om Valestrand kyrkje til kulturkyrkje. Ein føresetnad for utbetaling av tilskotet er at finansieringa er i orden. Jamfør søknaden frå Den Norske Kyrkja vil dette seie at blant andre Hordaland fylkeskommune også løyver midlar.

I 2004 og 2005 har Sveio fellesråd og Valestrand sokneråd finansiert utbetringar av Valestrand kyrkje, for å leggje til rette for at ho kan nyttast til kulturkyrkje. Nye tiltak omfattar fleire sceneljos, nye stolar, nytt lydanlegg, kisteorgel, scenegolv og nytt toalettanlegg ved Valen kapell.

Der bar det attende til dei religiøse vegar altså. Valestrand kyrkje skal verta kulturkyrkje! Gode greier og nett over hundre lånte ord vi slapp å produsera sjølve. Vi er no over ein fjerdedel på veg til å verta totusen. Vi vil ha meir om sceneljos, og lyt fara på dei bokmålske stigar, endå dette inneber lett oversetjing og teksthandsaming etterpå. Her er ein definisjon frå eit teaterleksikon på nett (lett overarbeidd):
scenelys: På engelsk Stage Lighting. Francis Reid definerer scenelys slik i boken The Stage Lighting Handbook: “Stage lighting is a fluid, selective, atmosperic, sculptural illumination appropriate to the style of av particular production”. (Reid 1996: 15) (“Ljos for teater er ei flytande, utvalgt, atmosfæreskapende, skulpturell ljossetjing som er tilpassa stilen til ein spesiell teaterproduksjon”.).

Då var det på stell. Endå vi forstod det, og reknar med dei fleste andre òg forstår det, er det jo fint at nokon, nærare bestemt Francis Reid, har sett seg ned og definert det. Skal tru om han tok sikte på å verta sitert. Tenkjer han sat der og vog orda sine vel for å skapa den mest sitervenlege definisjonen han kunne tenkja seg. Langt meir spanande var det å lesa om «teater og ljos» i same leksikon, dette avsnittet var også lenger, noko vi, no 783, set stor pris på:


TEATER OG LYS

Vi definerer teater som et forhold mellom aktører og publikum, der aktøren A spiller en rolle B for et publikum C. Publikum er med på å påvirke rollen gjennom ulike former for direkte eller indirekte tilbakemeldinger. Skal vi kalle noe teater må alså aktører og publikum befinne seg i samme rom til samme tid. Dette betyr at vi kan skape teater i stummende mørke uten at publikums øye aktiviseres i nevneverdig grad gjennom forestillingen. Et slikt teater vil kunne spille på andre sanser, først og fremst øret, gjennom lyd, men også gjennom vibrasjoner i gulv og vegger, gjennom lukter, gjennom berøringer, gjennom varme/kulde, og gjennom ulike former for luftstrømmer. Det går an å bruke fravær av lys på denne måten også som deler av forestillinger. Et absolutt mørke, uten lyskilder og uten refleksjon, er imidlertid vanskelig å oppnå i en teatersituasjon uten omfattende teknisk tilrettelegging. I offisielle teatre er det heller ikke tillatt på grunn av lovpålagte krav til merking av rømningsveier.

I de fleste forestillinger blir det brukt ulike former for lys for å oppnå den ønskede kommunikasjon med publikum. Lys brukes for å skape ulike farger, på artister, kostymer og scenografi. Lys brukes for å skape ulike stemninger, spenningsnivåer og miljø. Lys brukes for å skape fokus på scenen, på en spesiell artist, en handling eller på deler av sceneografien. Lys blir brukt for å skape ulike rom og illusjoner av rom, til å skape bilder, for å skille mellom sceneområder og salsområder, mellom aktører og publikum. Lys medvirker til å gi publikum opplevelse av å være andre steder enn der de er, og til å fortelle en historie, skape opplevelse av tid og sprang i tid, skape situasjoner. Lyset kan også i enkelte moderne multimediaforestillinger være en helt selvstendig aktør, der lys-spillet danner hele handlingen og rommet uten der rollen til skuespillere er underordnet. I teaterhus brukes også lys til å orientere publikum og aktører om viktige tekniske forhold som utganger og innganger, sete- og radnummer, opplysninger om brannutstyr etc.

Av omsyn til tid og lengd, klokka er no 23:20, tok vi oss ikkje bryet med nynorskomsetjing av dette. Det er interessant at det ikkje er lov å laga heilt myrke teaterframsyningar i offisielle teater. Sjå det var ny kunnskap! Ljoset si tyding for teateret gjorde at vi no er heile 1174, over halvvegen altså. Vi er truleg heilt ubrukelege, ikkje trengst vi heller, Isabel har allereie skrive alt det vituge. Problemet er at heimeeksamen opererar med to krav, innhald og ord, og dei skal hengja saman. Innhaldet skal formidlast med det ordomfanget som er stilt til disposisjon. Pluss minus femhundre. Det er her vi kjem inn i biletet, vi totusen siste. Vi må vera med, men sidan alt innhaldet er formidla av andre ord har vi ikkje noko funksjon å fylla, utover det å vera med. Vi eksisterar, og gjer fint lite utover det. Vi er med i ei oppgåva vi ikkje kjenner store tilknytinga til. Vi i eit aldeles anna dokument, på ei anna datamaskin. Vi er faktisk så frekke og freshe at vi er produsert i open programvare. Vi, dei totusen siste orda i Isabel si oppgåve, formidlar ikkje ein skit, trur vi, og håpar vi, for vi skal ikkje utkonkurrere dei vituge orda. Eittusentrehundreogtretti. Vi skal teljast, det er vår oppgåve. Og no er vi nett talde og funne for få. Endå ein bete att til vi er totusen og kan ta kvelden. Klokka er totusentrehundreogtrettifem.

Dette vert ein usakleg keisam tekst. Slik vert det når ein sper på med ord ein ikkje treng for å innfri eit krav til ordomfang. Då denne teksten utelukkande er laga av desse overflødige orda, vert den sjølvsagt ekstra kjip. Kjipare enn ein tekst der desse orda var lurt inn mellom meir relevante vendingar. Vi vil ikkje vera kjipe og keisame, vi vil vera meiningsfulle som alle dei andre orda. Klokka 00:01 innser vi at vi ikkje strekkjer til. Vi er eittusenfirehundreogførtifire og til inga hjelp. Pluss minus femhundre var greit, og vi skit i dei femhundre neste. Dei har ikkje noko betre å koma med dei heller. Vi tek kvelden. Vi avsluttar med å konstantera ei siste gong at vi, dei totusen siste orda på Isabel si oppgåve, no berre eittusenfirehundreognittifire, snart ein liten bete over eittusenfemhundre, vi eksisterar. Her. Vi er skrive og finst i ein utruleg ubrukeleg tekst. Men vår einaste målsetjing var å finnast, og det gjer vi no.

Eittusenfemhundreogtjueåtte.