indre samtale/tankestraum frå skogsvegsvandring i sjutida (kveld). strekninga utan ljos er vel omlag 600 m.  

 

hm…hmm…gå over Grevle? no? myrkt. men eg kan jo vegen. eg er berre myrkredd inne så det går jo fint. det er ikkje sant, eg er alltid gallredd der som skogen kjem heilt ned til vegen. no må eg bestemma meg for eg byrjar Grevlevegen. okei, eg går over Grevle og eg er ikkje redd. eg kan snu. skal ikkje snu! skal over Grevle. herregud dette har eg gjort tusen gonge før. eg går alltid her. og eg er alltid redd her når det er myrkt. ja eg veit det, men eg gjer det likevel. bru her. må ikkje myssa mobilen i vatnet. hallo, særleg det skjer då, brua er fira meter brei og eg er midt på! er vatnet skummelt? ikkje sjå! sjå! det var ikkje det. åh, det er heilt sikkert noko her. kva då? noko, som eg sikkert hadde høyrt viss eg ikkje hadde musikk på øyra. sånt som ein høyrer men ikkje ser. eller som berre plutseleg er rett framfor liksom…ikkje tenka på slikt! kan ikkje eg berre høyra på musikken og gå som alle andre? ikkje sjå opp i skogen! det der som ser ut som det er noko er ingenting. ein bjørn! altså, siste bjørnen på voss vart skoten typ før 1900. eller 1800. men altså viss det ikkje er ein bjørn så er det jo noko uidentifisert som er like stort og sikkert like farleg! ikkje sjå på det meir. ikkje sjå på skogen heller. må sjå på skogen! det er garantert heilt sikkert noko oppe i skogen. kva fanden då liksom, er vel berre folk som er farleg og det er vel ingen andre som er så teite som meg og går opp hit når det er så myrkt og skummelt her! jamen eg er jo redd for spøkelser og sånt. men viss eg hadde hatt anlegg for å sjå slikt så hadde eg jo sikkert gjort det til no? tenk om noko berre sprett fram bak fôrhaustaren? ikkje pause i musikken nett her med alle trea då! eg vil at nokon andre skal gå her òg. nei det vil eg ikkje for då hadde eg berre vorte redd for dei. det er ingenting her eg ikkje kan springa frå! okei, no tek eg litt i. har skikkeleg dårlege sko og alt. og har ikkje sprunge på sånn tre månadar. kan ikkje springa frå spøkelser uansett. det kan når som helst koma fram noko med pil og boge oppe på toppen der. eh…den var ny. kva i helsike var det for ein idé? pil og boge er ikkje skummelt ei gong liksom, sjølv om det kan drepa meg. gevær då. kan eg springa fort opp denne bakken? nei eg kan berre springa ned, så viss det er noko bak meg så kan eg jo ikkje rømma. men no er eg jo nesten på Grevle. gardstun, fokus. myrkt myrkt myrkt. ikkje sjå inn på låven. ikkje sa eg! åh! skummelt! sikkert masse daudingar her. eller galningar. sikkert begge delar. ikkje sjå inn myrke vindauge. oi, eg greidde faktisk å ikkje gjera det. kvifor er ikkje dei som bur her med garden heime? er dei døde? halloo, på jolavitjing kanskje? herregud, kva var idéen med å ha meg ut no klokka sju liksom? kva ligg i vegen? katt? akebrett? plastpose? plastpose! harmlaust så det held. åh, lyktestolpe! fager kveldssol smiler! det med kveldssola var ein direkte teit tanke. men sjå då! jamen likevel.

 

lysweb

 

ikkje sjå inn vindauga i det folketomme huset! berre gå forbi. åh, skikkeleg ekle og gamle blondegardinar!