ut frå eit par av dagens syslar sprang nokre nyttårsforsett ut i blom. også eg som ikkje skulle styra med slikt i år. det er heldigvis berre to då:

I. i 2009 skal eg verta flinkare til å ta med meg nok handlenett på butikken. for eg får nærast aldri pressa alle matvarene oppi eitt. om det glipp litt skal eg halda fram med å få den sårt trengde og miljøskjendande ekstra plastposen av sympati og ikkje mot betaling. (“oi, eg treng visst ein pose likevel, eg” + dådyrblikk)


II: i 2009 skal eg ta vitugare notatar på førelesningane. eit pluss for eksamenslesinga, og så slepp eg årleg rydding og kasting:

permweb

1. innhaldet frå (før) sju permar i (no) berre fire. 2. noko av det ubrukelege fjaset eg kasta. 3. tomme! 4.  dette er “før” biletet. på det ikkje-eksisterande “no” biletet er berre ein i bruk.