våren 2009 skal eg nerda meg meir enn nokonsinne. sidan 15. desember har eg hengt så mykje inne på studentweb at frykta for å melda meg opp i feil emne, tukla med eksamensmeldingane mine, eller, och det är nog det allra jävligaste, oppleva TIMEOUT og bli automatisk logga ut, denne frykta har fullstendig sleppt taket. angst-hjartebanken som tidlegare kom ved innlogging, og som såleis fekk meg til å nytta studentweb så lite som råd, er no avløyst av ei nærast ukritisk haldning til fagleg oppmelding. det kan vera det er ei normal haldning. kanskje sunn attpå. resultatet av mi sjølvopplevde haldningsendring er i alle fall at eg a) ikkje er redd for å melda meg opp i fag lenger, og b) har meldt meg opp i fleire fag enn naudsynt, og c) allereie har rokke å byta gruppe to gonger i eitt av emna.

dette skal eg gjera i vår

språk og informasjons-bachelorgraden min krev at eg tek to obligatoriske emne dette semesteret, og det er TRANSHF – oversetjing, og NOSP209 eller 208. det eine er skuleeksamen og det andre er semesteroppgåve. eg vel truleg det eine – skuleeksamen – eg har jo skrive to semesteroppgåver før og har jamt over prestert betre på skuleeksamen kvar gong. eg trur eg vert einsam på den eksamenen, semesteroppgåve er veldig i vinden for tida. eg gler meg til alt uansett.

i tillegg til desse to obligatoriske emna har eg vore vill og galen og meldt meg opp i HUIN105 òg. det er eit praktisk fag der ein lærar å laga nettsider og slikt. (altså ikkje ei slik svevande tilnærming til veven som HUIN102) eg gler meg til dette òg.

eg byrja så smått å nerda meg litt med mi fyrste pensumbok i dag. i TRANSHF, og den er på engelsk til og med:

“Each language articulates or organizes the world differently” (Culler, 1976) ….og difor er det vanskeleg å oversetje.