the words of a language often reflect not so much the reality of the world, but the interests of the people who speak it.

eg har lese eit kapittel i transhf-boka. (det slo meg i morgontimane at transhf høyrest ut som eit cross dressing-fag der ein kler seg ut som hf-studentar av motsett kjønn.  hf kunne lett hatt eit slikt fag. eigentleg er det oversetjing, altså.) kapittel 2 handlar om ekvivalens på ordnivå. problem ein oversetjar møter på ordnivå og korleis han/ho kan løyse dei. mine favorittproblem: “kjeldespråket sitt ord er semantisk komplekst” og “kjelde- og målspråk gjer forskjellige distinksjonar ordet si tyding”* eller, det er kanskje ikkje fyrst og fremst problema eg likar, men det er boka sine døme på problema.

boka sitt døme på semantisk kompekst ord er det brasilianske ordet “arruação”, som oversett til engelsk tyder “clearing the ground under coffee trees of rubbish and piling it in the middle of the row in order to aid in the recovery of beans dropped during harvesting.”

boka sitt døme på skilnad i tyding er henta frå indonesisk, der dei har to forskjellige ord for å gå ut i regnet, ut ifrå om subjektet som går ut i regnet er klar over at det regnar eller ikkje. eg ser ikkje vekk frå at noko liknande finst i bergensdialekta ein stad òg.

* dette har eg oversett heilt sjølv frå engelsk. eg likar ikkje engelsk ein gong.