brilleweb2eg er faktisk beint fram nøydd til å bruka briller. lesebriller rett nok, men likevel. dette tykkjer eg, som berre har brukt briller sidan exphil, sjølvsagt er stor stas! eg reknar med pipa får ein annan låt om eg ein fager dag  lyt bruka briller konstant. dogg og skitne glas syg jo, og eg har allereie gått på mang ein smell der eg har gløymt brillene heima og fått vondt i hovudet på førelesning. det var ulempene. dei klare fordelane er jo at briller estetisk ser sjukt bra ut, samt at eg IKKJE får vondt i hovudet når eg les med dei, og såleis kan lesa så mykje eg vil. og det er fint.

dette er dagens investering. merkebriller på sal, og ikkje hadde eg fått dårlegare syn sidan sist heller! no vil det vonleg betra seg med omsyn til gløyming òg, sidan eg kan ha dei gamle brillene konstant liggjande i skulesekken.

eg tykkjer briller er så fint at eg sikkert hadde investert i eit par med berre glas i viss eg ikkje hadde hatt noko synsproblem.