“Have you ever blogged before? Do you read blogs? Link to some blogs or other websites you enjoy. Do you like the idea of blogging?”

Eg har blogga tidlegare, og i skrivande stund har eg høve til å bidra til tre bloggar. Min første blogg er ein felles veneblogg som “gjengen” heimefrå oppretta for å kunne halda kontakten då me flytte til ulike kantar av landet etter vidaregåande. Denne bloggen, kaaten, er framleis oppegåande, men sjølvsagt ekstremt intern. Like intern er portvinsbloggen, konsept og blogg utvikla saman med Ane. (Portvin- og kaaten-bloggane kan de finna i vevlogg-oversikta til høgre.) Denne bloggen, nerdebloggen, er den einaste bloggen som berre er min. (I den grad ein kan krevja eigarskap til noko på nettet, då.) Nerdebloggen vart oppretta i samband med faget huin102, som eg tok i fjor haust. Eg likte så godt å blogga at eg byrja å blogga utanomfagleg, og heldt fram med blogginga etter eg var ferdig med faget.

Eg likar å lesa andre bloggar. Eg les mest bloggar til folk eg kjenner, då eg tok huin102 følgde eg òg med på bloggane til medstudentar for å vera mest mogeleg oppdatert, og å få andre sine innfallsvinklar på faget. Diverre var me ikkje så mange som følgde opp blogginga,  så så veldig mange vinklar vart det ikkje.

Her er to sider som er ei vitjing verd:  Mariell sin vakre fotoblogg. Ho har eit prosjekt gåande som de gjerne kan vera med på om de vil! (ho gjer PostSecret på norsk, for dei som kjenner til dette.) Eg likar òg tjuvlyssnat, ein blogg der folk skriv inn overhøyrde samtalar. Denne bloggen er svensk, det finnast ein norsk versjon òg, men den tok aldri heilt av. Eg reknar med det finst mykje slikt på engelsk òg.

Eg likar blogging, truleg særskilt fordi bloggar er dynamiske. I motsetnad til personlege nettsider gjev dei høve til meir aktivitet og innspel frå andre enn sida sin eigar. Dei er meir levande.