dette er ein post for alle de som finn bloggen min når de eigentleg vil finna ut korleis ein skriv “behov” på nynorsk.

her er HEILE artikkelen frå “med andre ord“, truleg den beste synonymordboka i Noreg:

behov krav, tarv, trong, turft; hug, lengt (lengsel), sakn, til\driv (~hug), ynske (ønske); (kjønns)drift, hunger, lyst, svolt, tørst(e); bruk, forbruk, etterspurnad; appetitt, interesse //ha b. for -> behøve //når det ikke er b. for det når det ikkje trengst/i utrengsmål //b.-et for etterutdanning er stort det er mange som ynskjer (vil ta) etterutdanning //dekke b.-et for hotellplasser ha nok hotellplassar/dekkja etterspurnaden etter //det er et udekket behov for folk i helsesektoren det er naud (stor skort) på folk i helsetenesta //de gamle er ofte isolerte og føler b. for kontakt med familien dei gamle er ofte einsame og saknar samværet med sine næraste //føle et sterkt b. kjenna ein sterk trong/lengta etter/sakna/væra svært interessert i //for dette b.-et for dette føremålet/i denne samanhengen //det passer ikke for hennes b. det høver ikkje for henne //ved b. når det trengst/dersom det blir alvor/i eit knipetak (nødstilfelle) //løse vår verdensdels b. løysa (forsynings)problema i vår del av verda //tilfredsstille et b. stetta eit krav/gjera til lags //tilgodese egne b. mjøla si eiga kake /forsyna (syta for, fyrst og fremst tenkja på) seg sjølv /kava for sitt eige (beste) //få sitt eget melkebehov dekket få nok mjølk

behøve behøva; trenga (til); ha bruk for, kjenna trong til, måtta ha, turva, vera i beit (opprådd) for; mangla, sakna //hun b.-er ikke å gjøre leksene treng ikkje (kan sleppa) å gjera //han b.-er lite er smålåten (kravlaus, småtærande) //det b.-es ikke det trengst (naudar) ikkje (er uturvande) /det står ikkje på

den gilde ordboka kan de til dømes kjøpa på Det norske Samlaget.