denne forklaringa gjorde seg ikkje på engelsk. det høyrest ut som ei turisbrosjyre. eller, endå verre, ei lærebok om dyr. desse dyra held til her, dei andre der. litt sånn. klypt frå pensum:

“the New Norwegean users, i.e. the smallest group, mostly live in the western part of the country, in the fjord and mountain area. The largest part of the the Norwegean population lives around Oslo, on both sides of the Oslofjord in the Southeastern part and at the Southern coast, and they all use bokmål (The Book Language) which is also the majority language.”

denne pensumforfattaren får meg til å kjenna meg innordna i den etniske gruppa “nissar”. Nissefolket held stort sett til i strok som verkar appellerande på turistar (in the fjord and mountain area).  Dette fekk meg til å innsjå kva “Norway in a nutshell”-bussane eigentleg driv med når dei renner ned heimbygda mi: “we will now make a quick stop in Voss to watch the ethnic group of New Norwegean users in their natural (- fjord* and mountain -) habitat.” (yes, the english might be quite silly, but keep in mind that the majority of guides in the fjord and mountain area are New Norwegean users (or asian), so it would probably sound like that.) *it’s just a regular lake, really. however, we never let the tourists know that. they would probably cry.