det er som om det finst ei avgrensa mengd vit i verda.

denne storleiken skal alle ha sin del av, og den fordelar seg ujamt i folket ut ifrå vanskegraden av det dei held på med. for i utgangspunktet har alle ein like stor del vit. så har me dei som finn ut at dei vil halda på med noko intenst vanskeleg. då kan desse koma til å trenga fjorten gonger så mykje vit som andre, og må såleis få litt av andre sine delar. og det er då går gale med verda. her trengst det truleg ein illustrasjon:

teorienweb

professor P har nett tenkt ut ein ny åndsvak teori om eit matematisk fenomen som er så innfløkt at det ikkje vert introdusert for mattematikkstudentane før tredje året på master (dette året finst utelukkande for å læra om dette fenomenet, og studentane må brytast ned psykisk og fysisk over fire veker før dei sterkaste får byrja på innføring i Fenomenet, med terapi og tett oppfølgjing i etterkant)

som einkvar skjønar trengst det mykje vit for å koma fram til professor P sin nye teori. dette går utover lagermedarbeidar L, som nett samstundes som den galne idéen klekkjest i professor P sitt hovud, mister litt av sitt vit for at den sinnsjuke idéen til professor P skal få gode veksttilhøve, ho gløymer korleis ho skal styra trucken, og mister jobben. sidan idéen til professor P er vesentleg meir innvikla enn det å køyra truck, er det faktisk tjue-tredve lagerarbeidarar som mister arbeidet denne dagen.

og slik held det fram.

kvar gong ein førsteårs-språkstudent greier å forklara heile konsonanttabellen på eksamen, forsvinn reglane for korrekt orddeling or hovudet på ein heil tiandeklasse. ein litteratur-masterstudent held eit perfekt føredrag om realismen, og eit heilt årskull på vidaregåande trur dette omgrepet omtalar eit grunnstoff i flytande form. det vert skrive ei ny lærebok i nordisk – femhundretusen ungdomsskuleelevar vil aldri læra seg og/å-regelen.

slik trur eg det heng saman.

og – av omsyn til toskane som vert realisert kvar gong eg tileignar meg endå meir vanskeleg tilgjengeleg kunnskap om setningsoppbyggjing og ymse anna lingvistisk fjas og fantaskap – har eg nesten ikkje hjarta til å halda fram med studiane.