eg driv med omsetjingsarbeid på HF-biblis og var beint fram for lat til å gå ned og henta endå ei ordbok, då eg kom over dette gilde verktyet: rätzel hilfe. (lenkja går rett inn i synonymlista for ordet “verpflegung”, då synonymfinnarfunksjonen truleg er den einaste funksjonen eg kjem til å nytta.)

rätzel hilfe er ei ufatteleg ful side for tyskspråklege menneske med sans for kryssord. eit jukseverkty som finn kryssord-synonym for deg når du sit aldeles fast mellom dei svarte firkantane. rätzel hilfe nyttar google til dette, samt noko som ser ut til å vera eit arkiv frå leipzig universitet. nett korleis dette fungerar veit eg ikkje. nettstaden sorterar synonyma etter kor synonyme dei faktisk er. eller; det er truleg meir kor synonyme dei verkar å vera ut frå faktisk bruk eller noko.

altså: eit kjærkomme verkty for oss som enno ikkje har lært kunsten å lura til seg fasitsvaret frå seminarleiar. det spørst likevel kor bra det vil ta seg ut i refleksjonnotata å nytta rätzel hilfe – mest fordi sida er så forb* stygg – særskilt dei grøne sidene – men dei ser ut til å vera google sitt verk. det er litt flaut for verdsveven si skuld at  rätzel hilfe verkar å vera mykje betre enn alle synonymordbøkene der ute (truleg grunna heftig opphavsrett og slikt). om – når – eg mister konsentrasjonen inni neste omsetjing vil holmgangen “rätzel hilfe” vs “duden synonymwörterbuch” verta ein realitet.