tv2web

det er ikkje mykje liv i denne boksen i kveld. det kan henda at det er mi skuld. det plar vera det.  men til vanleg brukar fjernsynet døy i samband med at eg fiklar med leidningane og slikt. idag observerte eg at boksen kræsja frå fleire meters avstand.
det byrja å rykkja litt øvst i venstre hjørne; “kan ikkje lesa kort, undersøkjer kort, kan ikkje lesa kort, meir undersøkjing”. til slutt meinte fjernsynet at det ikkje fanst noko kort i det heile, men det er ljug altså. det er verkeleg eit kort der. då fikla eg litt som eg pleier – tek ut kortet og set det inn att nokre gonger. slår av og på straumforsyninga. nappar ut antenneleidningen og set den på plass att. slår av og på alle av/på-knappar. røykjelse og regndans.

no er lysa på, men ingen heime, og eg hemnast over tykje-boksen ved å leggja ut bilete av han på nettet. utan å spørja. hah!

(FAIL —————————————————————————————>)