teposen min ligg i skrivande stund og gjer seg vanskeleg øvst i koppen. han ligg altså og flyt oppå vatnet, og er attpå frekk nok til å halda seg turr på oversida. eg minnest at einkvan sleit med same problem tidlegare i veka, eg trur kanskje det kom fram av eit statusfelt på facebook, og det kan veldig truleg vera torill sitt. iallefall var det etterlyst eit lodd eller noko liknande som kunne trekkja teposen ned i vatnet der han bør vera. på nettet fann eg mange som sakna det same, men inga løysing på problemet.

så då løyste eg problemet sjølv.

eller, eg kom eigentleg berre fram til at løysinga har eksistert rett framføre oss i lang tid. me kan bruka duklodd. slike ein hengjer på duken når ein har fest i hagen og ikkje vil at duken skal flagra i veg med vinden. illustrasjon:
teweb

dette bør jo fungera. (eg trur forresten ikkje duklodd plar ha så lange snorer i røynda, og det er jo bra) no er dei duklodda eg kjenner litt vel store til å ha i ein tekopp, då, om ein skal satsa på å få plass til litt vatn oppi der òg, meiner eg. men det finst jo truleg fleire storleikar av slikt. små, fine blondebrikke-lodd, kan henda.