det er keisamt å skriva omsetjing. særskilt når det berre er småpuss att, og det er fleire born enn studentar til stades på biblioteket. endå meir keisame, er tyske språkvitsar. herre jemine:

homonymvits

etter å ha tatt eit fag om omgrep, der det vart heftig fokusert på at omgrep sine tydingar, særskilt dei fleirtydige omgrepa – sit eg att med ei kjensle av at språkvitsar er stort i tyskland. læraren vår syntest iallefall det. eg tykkjer ikkje teikningane er så kjekke. dei er faktisk ganske dårlege i dei fleste tilfelle. turr og korrekt -harmlaus til det keisame- tysk humor. då er det betre når det er autentisk og utilsikta:

fleirtydig

slike finn ein mange av i bergen òg, då på norsk sjølvsagt. (foreininga portvin spekulerar i noko liknande her.)det tyske skiltet seier omlag dette “for å tryggja dette området mot lovbrot vert det overvaka av politiet”, men ordfylgja “zur Verhütung von Straftaten durch die Polizei” kan også lesast som “for å tryggja [området] frå lovbrot utført av politiet” . lustige Stunde!