ei oppdatering før eg byrjar på sytet: eg har vore her den siste veka:

alpeweb
på ski og spa i austerriske (austerrikske? austerrikiske?) alpar. her står bursdags-mamma og brør under den øvste heisen i skianlegget kring bad gastein, den eine dagen me hadde sol. merk god førebileteleg hjelmføring, samt at me er over skodda/skyene. (omkring 2000 m.o.h) me stod på ski – eg stod på brett då – og lauga oss i radioaktivt vulkanoppvarma vatn. i austerrike vert slikt vatn rekna for å vera ærs helsebringane, medan ein i noreg er svært negative til det. då det er lenge sidan eg har hatt dårlegare hud enn denne vulkanbadveka, hellar eg mot det norske standpunktet.

igår klokka fem var eg attende i bergen, og velkomsten var helst brutal. berre i har vore fin og snill. den fyrste som sveik var studentportalen til uib. og her snakkar ein skikkelege quisling-tendensar. eg har nemleg frist til idag med å velja eksamensform i nosp209. kring dette valet herskar mykje uvisse, til dømes var det då eg drog frå landet enno ikkje klart om ein i det heile tatt hadde høve til å velja eksamensform i 209-versjonen av faget (det finst tre andre kodar for same emne, alt etter om ein er lektorstudent eller ikkje og slikt. det tar av.) det skal seiast at då eg drog frå landet var eg ikkje 100% viss på om det var 209-versjonen eg var meldt opp i, sidan studentweben var daud førre helg.

studportalweb

eg stressa ikkje så mykje med dette då eg drog fordi a) eg hadde jo 1,5 dag å gjera det på då eg kom heim, noko som skulle vera tilrekkjeleg med tid til å kneppa seg inn på både studentweb og student-e-post. b) det er ikkje sikkert noko må gjerast i det heile, i tidlegare tilfelle av liknande val har det vore nok å varskua førelesar, og dette har eg gjort. c) eg har i skrivande og tenkjande stund ingen sterke kjensler korkje for eller mot nokon av alternativa (skuleeksamen vs semesteroppgåve). (dei tankane eg har kring dette er omlag slik: semesteroppgåve er kjekkare i skrivedelen, men syg intenst i muntlegdelen etterpå. skuleeksamen plar gå greit, men er ikkje like engasjerande som det å skrive si eiga oppgåve.)

studportal2web

eit prov på at eg prøvde begge nettlesarane mine. alle andre sider verkar, men ingen av studentportalen sine. gildt og fint. eg bør vel takka studentportalen for at eg slepp å slita ut hovudet på å velja eksamensform midt i ei helg, samt for den ekstra spaninga det vert å i morgon finna ut kva eg enda opp med!

inte alls overraskande var tide busselskap like sviktande ein kald sundag. i og eg var på busstoppet då 15:17-bussen skulle ha vore der, litt seine, javel, men det plar jo bussen òg å vera, så det skulle helst gå bra, meinte me. 15:17 såg me likevel ingenting til, og me rekna med at den hadde drege før tida, for det har den lov til viss ingen er på stoppet 15:16. ja, faktisk. omlag 15:30 kom det ein buss me ikkje hadde rekna med, men som me kom fram til at måtte vera 14:45 frå lagunen. den skulle vore hjå oss kring 15:00, så det var godt me ikkje satsa på den i utgangspunktet, meinte i. vel framme i sentrum kring 15:40 vart me nonchalant forbikøyrde av 15:17-bussen. så då hadde den ikkje køyrt før tida, akkurat.

tideweb

eg fekk forresten køyra gratis heim att. kortmaskina verka nemleg ikkje, så eg fekk ikkje fylt på busskortet mitt slik eg planlagde.