brått vert det spelt høg klassisk musikk på bussen og eg skjønar ingenting. det vert stilt. det tek til att, endå høgre, og dette gjentek seg nokre gonger, heilt til pensjonisten svarar og fordommen “ingen over 50 greier å byta ringetone på mobilen sin og lyt difor plaga oss andre med nokia tune på max styrke fleire gonger dagleg” må i grava.