eller “særs lite tidkrevjande kreativ kveldsmat med overraskande bra resultat”.

du har:

– kring åtte litt i overkant modne appelsiner

– ein halv boks vaniljeyoghurt

– ein halv boks med rosiner (her snakkar me ikkje om små øskjer, altså. det er for born)

– nett vore på trening, og er litt svolten grunna dette

du:

– gjev lett fanden i formaningar om å eta “raske karbohydrat” fordi du ikkje gidd å googla kva det er. samt at det truleg er ting du ikkje har i huset nett no, og i og med at bankkortet ikkje var med, er dette ei umogeleg oppgåve.

tek tre-fire av appelsinene og delar dei opp, utan skal. (å fjerna skalet på litt vel modne appelsiner kan vera ei tolmodsprøve, men det er det verd)

tømmer ei passeleg mengd av youghurten oppå

pyntar med rosiner oppå, viss du likar det. viss du faktisk likar rosiner er det forsåvidt ein god idé å ta med rosinboksen til etestaden sidan du truleg ikkje pynta med ei tilrekkjeleg mengd i fyrste omgang.

midt i nytinga svir det litt at eg har levd uvitande om denne fantastiske (og über-simple) kombinasjonen i nesten 23 år.