då denne dagen var svært ny skulle eg ta bussen heim (omlag 00:17), og i christies gate ( – kvifor køyrer me her? sikkert bybane) grip sjåføren mikrofonen og ytrar seg omlag slik:

– vi har fått ein ny kjørebane og må køyra ein an veg til bystasjonen. håpe da går greit.

– kvifor i alle dagar spør han om lov til å køyra litt annleis gjennom sentrum? spør eg meg sjølv, men tenkjer at det sikkert har noko med at bussen tener som nattbuss for mange, og at desse, påverka i større eller mindre grad, kunne hengja seg opp i denne detaljen – ein uventa sving i sentrumskjernen – og verta plagsame.

på veg oppover mot haukeland innser eg at køyremønsteret i bergen sentrum er såpass hemma av byggjing og bane at ein an veg til bystasjonen er ganske lang. så lang faktisk, at på vegen får fydlafolket tid til å gløyma at jaudå, sjåføren sa at me skulle til bystasjonen, det går bra, me vert ikkje kidnappa. dei får panikk og går fram og masar, og nokre går av på heilt feil stad og trur dei har gjort noko lurt.

på bystasjonen fekk me ei framsyning av heile kjenslespekteret – frå trong til å myrda til pur lukke – omlag ein halvtime etter ruta. no er det jo forsåvidt få som reagerar på ei slik forseinking i utgangspunktet då. kjenslespekteret er stort sett alltid til stades når bussen kjem. til dømes kom denne bussen som ei overrasking på alle oss som gjekk på på galleriet òg.

omkc3b8yring

mykje kan tyda på at det er denne brannen i nygårdsgaten som er skuld i det heile, endå eg eigentleg sit med ei von om at denne sjuke bussruta vert reell. iallefall ei lita stund.