Refleksjonsnotat til omsetjing II

Dette er ei refleksjonstekst skrive til omsetjing II. I refleksjonsteksta, eit essay skal det visst verta, vil eg diskutera kva som er problematisk med nokre omsette omgrep i fyrsteutkastet, og grunngje endringar eg har gjort frå utkastet til den omarbeidde teksta. Alt med god støtte og underbyggjing frå pensumlitteraturen.

I fyrste omgang er det sjølve omsetjing II som er problematisk. Denne omsetjinga er direkte ubrukeleg som refleksjonsmateriale, då omlag samtlege feil som er gjort i utkastet er av typen “ordet er gale. Ordet tyder ikkje det same som ordet det skal omsetja.” Løysing: “finn eit ord som tyder det same som ordet det skal omsetja”. Gjev dette eit grunnlag for refleksjon og diskusjon kring ordval og endringar? Nei.

Problematisk er også pensumlitteraturen. Und wie! Vel fortel den mykje spanande om skilnadar mellom språk, og kan koma med mange døme på klassiske omsetjingsproblem – samt løysingar på desse – men språka den vel å ta føre seg ligg for det meste i asia, og der er eg lite kjent. Her er det lite støtte og underbyggjing å finna i høve tysk.

Boka gjev seg ikkje der. Den er på engelsk òg, så alt den kjem med må omsetjast til norsk i refleksjonsteksta – ei dobbelomsetjing for nokre av oss. Dette er mykje unødig arbeid for oss som uansett ikkje finn anna å henta i denne boka enn nye omgrep for ting me allereie kan forklara greitt med eigne ord. Greiare med eigne ord, faktisk, for etter eg hadde omsett store delar av refleksjonsteksta til pensumspråket forstod eg ikkje teksta min lenger. Dette freista eg å løysa med å dela opp teksta i mindre avsnitt med eigne overskrifter. Dei pensumrelaterte overskriftene er meint å famna nokså vidt slik at i det minste delar av innhaldet i avsnittet kan relaterast til dei. Det er svært sannsynleg at delar av innhaldet i dei forskjellige avsnitta overlappar, då innføringa av pensumtermar fekk setningane til å klistra seg saman endå mange av dei ikkje har noko som helst med kvarandre å gjera.

Etter nokre avsnitt syner også denne refleksjonsteksta seg å vera problematisk. Her finn ein korkje diskusjon kring ordval og endringar eller referansar til pensum.  Årsakene til dette kan liggja i dei momenta eg peika på i avnsitta over, eller i overkant stor tru på referanseverdien pensumstoffet har. Dette er eit komplisert spørsmål, der truleg fleire faktorar spelar inn, dei vera seg kulturspesifikke eller stilistiske, og å koma med eit eintydig svar er umogeleg. Det må drøfting og argumentering til, slikt tar tid, og kunne koma til å trekkja ut i det uendelege. Det er for seint for slikt no.

Refleksjonsteksta er svak også i høve sjanger, for dette er jo ikkje noko essay. Allereie i fyrste avsnitt, der essaysjangeren vert introdusert med ordfølgja eit essay skal det visst verta råkar ein ut for det som kan verka som ei mildt ironisk tilnærming til nettopp denne sjangeren, og med dette vert også teksta trekt i tvil. Vidare nedover i teksta ballar dette på seg med ei stadig aukande mengd humoristiske og sarkastiske innfallsvinklar og ei samstundes minkande mengd seriøst fagstoff, om slikt fagstoff nokon gong har vore til stades i denne teksta, då. Omlag midt i avsnitt fire er ein godt inne i kåserisjangeren, endå wikipedia meiner at sarkasme ikkje har noko der å gjera. Lange setningar er òg ein uting i eit kåseri, og såleis har refleksjonsteksta anten laga seg sin eigen sjanger (sarkastisk kåseri) eller greidd å rota det såpass til for seg sjølv at ho sit her både sjanger- og meiningslaus.

Til slutt sit ein att med eit inntrykk av at heile refleksjonsteksta er beint fram useriøs, og skrive i ei lettare frustrert stund dagen før den verkelege refleksjonsteksta skal leverast, saman med ei omsetjing i to versjonar som ikkje eigna seg særskilt godt for refleksjon.

“tekst” i hokjønn i høve kvinnedagen. ja, ein kan faktisk velja.