etter ei tid dominert av overveldande mykje nerding, er det godt at den meir lettbeinte skiltspalta finst. skiltspalta er faktisk så ukomplisert at ho kan verka både dum og ubrukeleg. det gjev skiltspalta fanden i. skiltspalta kan vera eit eingongstilfelle, eller ho kan koma sterkare og svakare attende seinare. ho er uføreseieleg slik. men ho gjer lukke når ho fyrst er her iallfall. skiltspalta gjer det ho kan best – skilt:

skilt vi ikkje treng

kva:

skilt1web1

kvar: dametoalett i 2. etasje i HF-bygget
skilt11web
kvifor treng vi ikkje dette skiltet? – fordi denne døra er så absurd og uventa tung at nettnerden ikkje greier å opna den utan å ta båe hender og heile kroppsvekta til hjelp. den er også utstyrt med slik automatisk lukke-effekt, ei særs rask utgåve av slaget som har velta mang ein student på veg ut. eg er beint fram imponert om det nokonsinne har vore eit problem at denne døra har stått open. men kanskje merka midt på døra stammar frå farne tider då dei HF-tilsette nytta tissepausane til å tvinga denne døra open med stolar og slikt. underhaldningsverdien i dette kan ein sjølvsagt ikkje venta seg å ha innsikt i før ein har studert ei tid.

skilt som treng

I:

skilt3web

kvar: rema1000, wergeland
kva treng skilta? – oppreising og relevans

II:

skilt5web
kvar: minde
kva treng skiltet? – ein fiskebutikk

skilt som har alt

skilt4web

kvar: minde
kva har skiltet? – ein ballong. og stor skrift og pil mot rette leida, då.