eg har kopla meg av verda og kretsar no kring i ein ujamn bane som heiter semesteroppgåve i nosp209. der handlar alt om nominalisering, som er mykje vanskelegare å skildra enn det ein skulle tru. sidan igår har eg putla med faktadelen som strengt tatt berre er referering frå boka, for eg har jo fått for meg at eg skal forstå det sjølv òg (det ein ikkje forstår sjølv greier ein ikkje å formidla til andre). den tida som ikkje går med til å forstå boka, går med på å undra seg over kvifor i sydneshaugens namn eg valde semesteroppgåve då eg kunne sluppe med eksamen. mitt univers der, altså.

det hender eg trør ned på jorda ein tur, dette skjer i samband med mat, strengt rasjonert (utan merkbar effekt) bruk av internett, eller gjennom baderadioen. baderadioen melder mangt og mykje,  og er mi mest truverdige kjelde til informasjon om det verdslege samfunnet eg har meldt meg ut av. idag kunne han melda at “innbrot ofte skjer i hus der der finst verdigjenstandar”, og ifølgje sambuar som var på badet før meg at “studentar har dårleg råd”. eg vel å sjå det slik at verda er sett på pause medan eg er vekke. godt eg ikkje går glipp av noko.