eg lærer mykje av å granska lærebøker frå vidaregåande skule på leit etter stygge substantiveringar. idag har eg til dømes lest om både personleg økonomi og stråling. alt vel, heilt til naturfagboka, vårt strålande univers, fortalte meg ting eg streng tatt ikkje hadde lyst til å vita. kjempeskumle ting om verdsrommet, til dømes:

Forskarane kan rekne ut samla tyngdekraft for alle stjernene og dei andre objekta i galaksen, og dermed kor fort stjernene må fare rundt midten av galaksen for å halde seg i bane. Forunderlig nok går stjernene som regel alt for fort til at dei etter våre utrekningar kan bli haldne på plass i galaksen av tyngdekrafta frå alle himmellekamane! Med denne høge farten skulle objekta normalt ha vorte slengde langt ut av banen sin […]. I praksis skjer ikkje dette; det er noko uforklarleg og usynleg i verdsrommet som hindrar det. Dette […] kallar vi mørk materie. […] Det er sett fram mange hypotesar om denne mørke materien, men ingen av desse forklaringane kan stadfestast eller held mål ut frå kjende fysikklover.

I tillegg til denne mørke materien meiner astronautane at det må finnast noko endå meir mystisk i kosmos – det dei kallar mørk energi. Nokre av fenomena i universet, til dømes at universet heile tida utvidar seg, kan forklarast med at det finst mørk energi. Den mørke energien ser ut til å vera overalt i verdsrommet – også mellom galaksane, og han verkar som ei kraft som skyver universet utover, frå kvarandre. Dette er det største mysteriet for astronomane i dag.

godt eg aldri las desse boksane med tilleggsinformasjon i mi tid på gymnaset! og det vert endå verre når dei skal til å snakka om sola:

Den 4. november 2003 var den siste av [sol]flekkene i ferd med å forsvinne ut av syne. Eventuelle eksplosjonar ville då ikkje lenger kunne merkast på jorda. Denne kvelden kom den aller kraftigaste eksplosjonen på jorda i moderne tid. Ei enorm sky med gass vart skoten ut i rommet med ein fart på 8,3 millionar km/h. Fordi eksplosjonen kom på solranda, vart skya denne gongen slengd i ei anna retning enn mot jorda. Det kan vi vere glade for.

det kan vi vere glade for – takkar hjarteleg for den! frametter vil altså angst kring økonomisk uvisse, uventa nedetid på mi side i samband med oppgåveinnlevering, telefonar og frittgåande galne hestar verta kombinert med ei sjuk redsle for ukjent mørk materie og eksplosjonar på sola.  h e r l e g .

kjelde til galskapen: Kosmos SF, grunnbok.