eg er heldig som kjem frå ei bygd som har eigen jazzfestival. i tre-fire dagar i byrjinga av påsken er voss den heitaste staden å vera – iallefall kjennest det slik for oss som er her. heitare vert det ikkje før ekstremsportveko i sumar, då det om mogeleg vil ta endå meir av. (ekstremsportfolk har det med å vera hakket galnare enn jazzpublikum, men det er ikkje så mykje om å gjera heller. dei som har vitja park hotell sine jazzarrangement etter midnatt veit kva eg snakkar om.)

når voss vert verdas navle er det for oss innfødte om å gjera å vera mest mogeleg med på det som skjer. difor er nesten alle vossingane involvert i festivalaktiviteten på ein eller annan måte. grovfordelinga er omlag slik: dei under 35 er frivillige medarbeidarar som arbeidar for gratis festivalpass, dei over 35 – også kjent som foreldra til den fyrste gruppa – har råd til å kjøpa eigne billettar, og er såleis ansvarlege for at økonomien til festivalen går i pluss. dei under og over 35 som av ein eller annan grunn ikkje er med i nokre av dei to gruppene, står for meir eller mindre frivillig transport inn til sentrum når gruppe 35 pluss og minus skal på konsert/jobb.

sjølv er eg under 35, og medarbeidar på fleischers hotell. det var det pratagraf-arrangement på fredag og bjørn berge på laurdag.  dette var arrangement både publikum og medarbeidarar likte svært godt. i tillegg var fleischers-medarbeidarane ansvarlege for  konserten oppe på hanguren (“voss sitt svar på ulriken/matterhorn” – alt etter som). her spelte polkabjørn og kleine heine for skijazzarar og dei som torde å ta banen opp frå sentrum. denne konserten involverte gondolfrakt av scene og lydutstyr – eigentleg heilt daglegdags for ein festival som slår til med utdandørs ekstremkonsert seinare på kvelden. denne gjekk føre seg ved, i og på vangsvatnet.  med syklistar, fallskjermhopparar, dykkarar og dansarar. gruppe 35+ melder at dette var heilt fantastisk. gruppe 35- fekk med seg den fyrste halvtimen før det var tid for medarbeiding.

i dag har gruppe 35-, avdeling fleischer, heilt fri frå konsertarrangering og stolfrakt (dette siste er verre enn ein trur når stolane er i kantete og uhandterleg design frå 60-70talet.), så i dag ber det til sentrum for å jazza seg og telja kjendisar.