platebutikken på voss hadde ikkje laleh-skiva eg treng å høyra, så eg gjekk på trøystehandling i bruktbutikken.
det innfridde, for eg fann denne boka:

løyndomen – den forunderlege soga om dr. jekyll og mr. hyde.

(r. l. stevenson)
lc3b8yndomen1web

ein klassikar! denne utgåva er frå 1942, omsett til norsk av einar eskeland. og her snakkar me skikkeleg nynorsk, med i-endingar og det som betre er. jamvel eg vil truleg få problem med nokre av tydingane her. slik er byrjinga:

soga om døri

advokat utterson var ein mann med eit grovlagt andlet som aldri lyste opp i ein smil. i samrøda var han kald og knapp og keiveleg; meiningane hans bar jamnas mot straumen, og når han skulde leggja dei fram, gjorde han det på ein turr og keisam måte. men på same tid hadde han eit godlidande lag, so ein laut lika han på ei vis. når han sat i venelag, og han var velnøgd med vinen, lyste det noko inderleg ekte og godt fram or augo hans. dette truverdige og gode kom aldri fram i ordi hans, men di meir i gjerd og ferd. han var streng med seg sjølv. når han var åleine, drakk han eineøl, til å døyva hugen på vin; og endå han var glad i å gå i teatret, hadde han ikkje sett foten sin der på tjuge år. men av andre menneske tolde han mykje. ofte kunde han undrast på alt mod og all hagleik dei la for dagen i ugjerningane sine, – ja, han kunde nære på misunna dei. når han skulde døma om brot og misferd, var han allstødt meir huga til å lempa enn til å lasta. “eg held meg til kains ranglære,” pla han segja på si underlege vis, – “eg let næsten min fara til pokkers soleis som han sjølv finn det for godt.”

enn å fortelja så fantastisk herleg! likevel, av ein eller annan uviss grunn meiner det norske samlaget at formidlinga av historia treng å støttast av  illustrasjonar:

loindomen2web
fy, kor felt då!

eg fekk med meg litt klede òg. dei var ikkje klassikarar, og var til saman billegare enn boka.
finekleweb
no skal eg flytta nokre knappar (dei i biletet og eit par til), før eg gjer meg betre kjend med den skumle boka mi.