eg skeiar ut og skriv om noko eg elles gjev særs lite spalteplass i nerdinga: dagens nyhende! eg har hatt mykje selskap av nyhendekanalen på radioen idag, og såleis hatt høve til å følgja med på korleis dei forskjellige sakene  – framstillinga av dei og debatten kring dei –  har utvikla seg utover dagen. det kunne eg godt tenkja meg å ha sloppe, for det har vore mykje tull.

det-er-jammen-kjekt/teit-at-me-slepp-karakterar-i-7-klasse-tullet tykkjer eg isabel oppsummerar greit, så det skal eg ikkje ta føre meg her.

eg vil i staden dra fram nyhenda om at ein no vil at imamar skal arbeida saman med feltprestane i det norske forsvaret.  slik vart saka iallefall presentert i innleiinga til 8-nyhendene i dag tidleg. og eg tenkte med ei gong nei nei nei, KVIFOR formulerar de dykk slik, teite nrk-folk, no får me ein ny hijab-debatt. eg er sikker på at tiltaket inneber representantar frå samtlege livssyn, og ikkje utelukkande prestar og imamar!

eg hadde rett! då dei handsama saka seinare i sendinga, ville tiltaket inkludera “geistlige fra alle tros- og livssynssamfunn”, og det tykkjer eg er heilt greitt. eg trur at folka i forsvaret, som det norske folket elles, er eit folk som trur på litt av kvart, eller kanskje ikkje trur på noko i det heile. eg trur forresten desse geistlege har svært godt av litt samarbeid. verte kjende med kvarandre sine livssyn og sånn. i forsvaret vil dei jo møta på dei same utfordingane alle saman, og eg trur fellesnemnarane mellom dei forskjellige livssyna vil verta svært tydelege i møte med slike utfordringar. eg trur også fellesnemnarane – særskilt i samband med menneskeverd og handsaming av sorg o.l. – er dei trekka ved livssyna som vil syna seg å vera aktuelle i krigssituasjonar. det er dei store tinga som er viktige i slike situasjonar, ikkje om ein skal skilje mjølk og kjøt eller om gud er ein eller tre.

så, kvifor vel nrk å utelukkande fokusera på imamane når saka vert presentert? jau,  for å sjokkera! typisk media å gjera slik! verkar det? å ja, særskilt frp beit raskt på, og meldte noko slikt som at dette vert heilt feil fordi noreg er eit kristent land og det skal det halda fram med å vera. dette tiltaket truar den norske trua.  dette kjenner eg at eg rett og slett tar meg litt nær av, sidan eg sjølv ikkje er truande. eg kjenner fleire som meg, mange av dei er tilogmed med i statskyrkja (som ein vert automatisk meldt inn i dersom foreldra dine er medlem. utan å spørja om det er greitt). tel ikkje me? dagens noreg er faktisk eit land med fleire livssyn!

til slutt tykkjer eg at elevorganisasjonen (som mitt gymnas i mi tid melde seg ut av) jaggu har betre ting å ta føre seg enn å kjempa mot overvakningskamera som er sett opp på skulen for å hindra tjuveri, vald og hærverk. særskilt når det vert argumentert at det går ut over fridomen til elevane  (eg finn ikkje saka på nett og veit ikkje kva for ord som eigentleg vart nytta). ei opplysning, du talsmann for organisasjonen: det er faktisk ikkje lov å halda på med tjuveri, vald og hærverk! kanskje de kan jobba litt for betre inneklima på norske skular i staden?

merknad: at eg endå ei gong kjem ut for å ytra meg kritisk om frp sine meiningar kjem av at dei seier så mykje teit. i tillegg gjekk dei rett i media-fella, og fekk tydelegvis ikkje med seg heile nyhendesaka.