kroppen min driv og utset meg for tøys og fantaskap. her har eg gått gjennom ei ungdomstid fri for urein hud og pollenallergi, berre for å bli brutalt møtt av båe to med ei gong eg vart (litt) vaksen og flytte heimefrå. ein skal då verkeleg veksa av seg slikt med åra! og før nokon kjem med innvendingar som “jamen du flytte jo til byen, klart du får dårlegare hud av all luftureininga i bergen”, skal det seiast at hudsituasjonen var på sitt aller kjipaste då eg gjekk på folkehøgskule på darbu – særs langt frå sivilisasjonen, i den buskerudske audemarka.

eg gugla nett pollenallergien min, for å sjå om eg var unormal, og kom heldigvis fram til at eg ikkje var det: aftenposten seier nemleg: “De fleste pollenallergikere finner man i dag i aldersgruppen 10-16 år, og rundt 60 prosent av dem vil vokse av seg allergien. Men de senere årene er det skjedd en endring: Vi debuterer senere som allergikere, men allergien varer lenger.” dei skildrar endringa som rar, og legg skulda på den globale oppvarminga. endå ein grunn til å slutta med slikt.

eg merkar meg ordfølgja “varer lenger”, og skriv opp i bakhovudet at eg skal sjå til å koma meg til fastlegen og få resept så snart som råd, slik at medisinane vert litt billegare. allergimedisin er forsåvidt eit kapittel for seg – biverknadane er omlag dei same som plagane dei skal lindra, trøytt vert ein i alle fall uansett. men det er jo typisk medisin; ein kan få vondt i hovudet av paracet òg.