det er inga tvil lenger – det er komen ein nisse i huset. han gjer typiske nisse-ting. eller, eigentleg gjer han berre ein typisk nisseting – han tek klede. og det er ikkje snakk om vanlege tilfelle som “skal-tru-kvar-den-andre-sokken-har-tatt-vegen-?”, neidå, denne fordømte nissen er ute etter basisplagga i garderoben min! det er snakk om keisame, einsfarga klede eg hatar å bruka pengar på, men som eg treng saman med dei meir interessante plagga. difor har eg svært få slike plagg, og veit godt kvar dei er til ei kvar tid (i skapet/til vask/til tørk/slengjande oppå korga). dersom eg ikkje finn dei på nokon av desse stadene, kjem angsten.

i byrjinga var det ikkje så fårleg, då var det ei anonym t-skjorte som mangla, som eg rett nok aldri har rukke å bruka, for den forsvann med ei gong eg la den inn i klesskapet. så forsvann den brune og uendeleg keisame gensaren. dette var litt meir kritisk, den ville eg til dømes bruka i dag. så eg enda opp med svart og raudt i staden, noko eg tykkjer er ein alt for hard fargekombinasjon. denne oppfatninga skuldast truleg andre verdskrig.  eller emo-ungar.

i dag toppa situasjonen seg. for kort tid sidan forsvann nemleg den kvite ulljakka, omlag samstundes som eg oppdaga at den svarte hadde eit stort hol, og ikkje kan brukast utan lett reparasjon. godt tima, nissetykje! no sit eg her kald og ullaus, og må attpå gå rundt i butikkar og handla KEISAME klede, ein prosess der eg samstundes – proposjonalt med dei keisame innkjøpa – mister høvet til å handla dei FINE kleda som er der. überherrlich.