til slekt og vener som undrar seg over kva eg eigentleg driv med oppe i HF-bygget, har eg laga ei enkel oppsummering: innskrivararbeid for stadnamnstenesta – i bilete

1. lister

lister over stadnamn er heilt grunnleggjande for arbeidet. av og til skriv eg dei. somregel har nokon skrive dei før, gjerne med ei utilregneleg handskrift (tödlar over ö-ane er ikkje daude endå, om de trudde det!), og eg skriv dei inn i eit dokument på dataen. her er eit frekt utsnitt frå ei slik liste, når den er ferdig innskrive:

digweb

2. kart

listene høyrer saman med kart, der kvart stadnamn er plassert på kartet med eit nummer. når listene er skrivne og korrigert ned til minste detalj, gjeld det å finna alle desse nummerpunkta på eit digitalt kart, slik:

dig2web

her har eg sikta meg rimeleg greitt inn på namn nummer 85, “Flusjen”.

3. namnehumor

stadnamn er kjekt! det framheva namnet under skildrar ein stad på osterøy der vossingane kom roande inn før i tida. fysisk fostring er på ingen måte noko nyvinning i heimbygda.

dig3web

det finst tåle mange namn som berre er greitt rare òg, og som korkje merknadsfelt eller generell språkkjensle kan gjera mykje greia for. personleg favoritt til no er “Peramodlhusmyra” – myra der “Peramodlhuset” stod. eg reknar med at ein eller annan Per er involvert her. men kva er modl? og kvifor byggja hus midt i myra, er det lurt då? eg tykkjer også at “Hestaræva” er eit særs spesielt stadnamn, og ser fram til å finna ut kvar denne staden er. og om namnet er motivert ut frå trekk ved landskapet. (barnsleg avslutning. orsak)