eg ryddar rommet mitt heime fordi eldste bror min sine ting også skal flytta inn dit i løpet av sumaren. eg finn ut at eg har mykje skit, og minst like mykje gildt. som til dømes desse postkorta som hang inni bokhylla:

kort1web

(ja, det er eg som har farga teksta blå) tenk at sjølvaste pelle politibil og han onkel rikhard har sendt kort til meg då! sjølv om eg tykkjer det er litt rart at dei vil ta bilete saman med tjuvane. dette reagerte eg veldig på då eg fekk kortet òg, minnest eg såvidt.

farmen-kortet har ikkje ei like kjekk framside, men på baksida har morten abel skrive autograf og teikna seg sjølv (eller nokon andre). jacob og eg fann han på tv2-huset då me hadde od-dag der som fjortisar.

kort2web

merk at pelle politibil har sendt kortet som c-post. vil dette seia at det finst post som går treigare enn b-post? eller er det berre kategorien for kort?