tast deg til kvasir.no. søk på noko. kva som helst. heilt nedst på den sida du kjem til då, finn du noko som heiter “tjenester”. under der finn du “søketrender”. trykk på det! no er du komen til sida der kvasir presenterer statistikken sin, i lister over kva ord og fraser folk søkjer mest etter. dette er ikkje så spanande, for det er jo sjølvsagt sport og nakne damer som toppar alle “mest søkt”-listene. så, me skit i statistikken. i staden ser me oppe til venstre noko som heiter “nøkkelhullet”. trykk på det. i nykelholet ser du eit utval av kva folk søkjer på nett no. dette kan vera så mangt, (nykelholet åtvarar faktisk om at ein kan finna søk som ein opplever som støytande, då nykelholet ikkje er sensurert. til liks med dei fleste nykelhol, altså) og kan ofte vera særs underhaldande. om ikkje dei einskilde treffa er så morosame i seg, kan kombinasjonen av fleire søk lokka på låtten. når orrfuglane tek til å blanda seg med dei heite damene til dømes:

kvasir

takk til ane som tipsa om tenesta!