sykling er det mest tidsriktige du kan finna på nett no. medan somme av heilt fri vilje syklar rundt heile frankrike for å (kanskje) få ei gul trøye, syklar andre til og frå jobb – 8 km til saman – fordi dei ikkje har råd til busskort, fordi dei ikkje har stipend i juni (sjå der fekk me med litt studentpolitisk korrekt syt òg). desse to særs aktuelle sykkeritta kan jamstillast av følgjande grunnar; I) det regnar ikkje i frankrike. iallefall ikkje slik som her. II) dei som syklar i frankrike har mange gir og generelt sjuke syklar. eg har tre gir og ein sykkel som er eldre enn meg.

sidan ‘store-touren’ tek svært stor plass, særskilt i fjernsynet, vil eg no nytta godt med spalteplass for å gje min eigen tour merksemda den fortener.

1. etappe: HF  –  realfagsbygget

ein kort og helst uproblematisk del av løypa. på mat-nat kan ein venta litt under tak dersom det regnar mykje. og det gjer det jo. på veg til taket kan ein resirkulera eitkvart på returstasjonen ved lyktestolpen.

1.etappe

2. etappe: realfagsbygget – danmarksplass

veldig bratt ned – kryssa veg – nokre hundremeter særs effektivt sykkelfelt, der det ofte går fotgjengarar, sjølvsagt – kryssa veg – litt bratt opp. framme under eit nytt tak ein kan venta litt under i regnvêr. under taket kan ein skoda utover vegen ein har tilbakelagt, og sjå at det er sol i retninga ein kom frå. ein syklist med gul trøye passerte rett etter at dette biletet vart teke.

2.etappe

under danmarksplass-taket er det godt tilrettelagt for vêrventing. ein kan både parkera syklar, handla, og ta ut peng. og kjøpa tvilsame stoff, dersom ein skulle ha trong til det.
2.etappe1

3. etappe: danmarksplass – firekilometermerkjet

trass simpel stigning og strak løype, er denne delen av ferda den klart hardaste. danmarksplass veit ikkje kva han driv med, fotgjengarar og bilistar veit ikkje kva dei driv med, og det veks tre langt uti gang- og sykkelvegen. ingen lagar plass, alle er på feil side. undergangen etter firekilometersmerkjet er konstruert slik til at vinkelen er 90 gradar inn og ut, og krevjer særs redusert fart. lite effektivt!
3.etappe

inne i undergangen høver det fint å stå eit bel og svergja og te seg over vêr og elendig tunnelkonstruksjon.
3.etappe1

4. etappe: firekilometersmerkjet – heim

her er det ein fordel å unngå å verta påkøyrd på veg ut frå undergangen og over parkeringsplassen til rimi. her kviler det meste av ansvaret på bilistane, og det har gått bra til no. ein må venta to gonger på grønt ljos ved meieriet. dette kan det vera at dei meieritilsette innandørs tykkjer er særs morosamt, uvisst kvifor. er det eigentleg verre å vera gjennomvåt enn å lukta sur mjølk? svært stygg stigning med mykje motgåande trafikk følgjer, her må ein gå. grunna plassmangel kan ein vera nøydd til å gå heile siste halvdel av 4. etappa. av og til kan den siste bakkjen syklast. og ei sjeldan gong, når sola står opp i vest og grisane flyg til syden, samarbeider bilistane.