nerdenervene har byrja å rykkja seg etter to månadar pause, og eg har difor sett meg til med haustpensumet i nordisk litteratur etter 1900.

bøker merkte med kryss vert handsama i undervisninga, men det er lov å velja andre bøker i lista dersom ein vil det. sidan eg sit godt fast i litteraturen før 1900 (og til avveksling les heilt nye bøker), greier eg ikkje å ta stilling til desse verka; eg har jo ikkje peiling på kva det går i. einaste eg har å gå etter er at eg ei gong prøvde å lesa naiv.super og tykte den var dritkjedeleg (jaudå, eg var kanskje fjortis, men greidde fint å lesa jonas av bjørneboe i omlag same tilstand). er difor særs skeptisk til å prøva igjen. eg har òg fenge nokre heite tips til omprioritering i dei svenske og danske delen, og er soleis allereie i gang med å flytta kryss.

oppgåve til dykk: sjå på lista. har de lese noko frå lista som de meiner er betre enn dei verka som har fenge kryss? skriv det i kommentarfeltet. eg er særleg huga på innspel i høve til kategoriane “ein norsk roman 1900-1945” og “ein norsk roman etter 1945”.

so skal eg bu meg på å vera den kjipe brilleslangen heilt framme, som maser og kverulerer om bøker dei andre ikkje har lese. det vert vel kjekt!

haustpensum