oyra

av andre litevetta meir vituge investeringar i dag bør metallboksen og sykkelpumpa nemnast. sistnemnde har vore planlagt sidan skuleslutt, då framre hjul tok til å verta lite samarbeidsviljug. slappleiken har etter kvart nådd eit så trasig nivå at eg har måtta ty til omvegar heim, fordi det grunna bybanegravinga har blitt veldig masse asfaltkantar* langs hovudinnfartsåra mi, og desse kantane kan ikkje hjulet handtera i sin noverande tilstand. då kjem eg innpå felgen, og får dårleg samvit. (og ser føre meg eit fullstendig hjulbyte. noko eg vertfall ikkje har hatt råd til i sumar.)
* særskilt det to meter lange holet rett ved kiwien i bjørnsonsgate, der attmed brannhydranten. kva er det for toskaskap? illustrasjon:
kantweb

metallboksen skal betra stemninga på kjøkenet. piknikkorga maten var i før har blitt fryst ned, spylt i kokande vatn, og til slutt kasta, i von om å bli kvitt ubeista som har flytt inn. no skal dei døy.