i dag har eg ikkje noko vitugt å skriva om, så det vert litt lett klesblogging. om det som vert kalla nerdestilen:


“I dag valgte jeg en nerdestil”
“Jeg liker nerde stilen, jeg syntes den er kjempekul.”
(forresten: burde skapleg handtering av norsk språk vera minstekrav for å få lov til å vera tilhengjar av slik stil?)
“Brilla e i tida. Brilla e kult . Brilla kain førrsterke et utrykk. Kulaste jenta i gata har de styggaste brillan.”

nerdestilen er der ute, og den var særskilt heit for ei tid tilbake. nerdestilen krev, etter det eg kan forstå, ikkje så mykje meir enn at ein nyttar briller.  dei mest ihuga tilhengjarane nytta briller utan styrke eller glas (- desse menneska var jo så opphengt i mote at dei tidlegare hadde laserkorrigert synet då briller var umoderne).

det fall meg nett inn at eg i nokre månadar, for ei lita tid tilbake, var ekstremt chic. og at eg i den nemnde perioden ikkje var klar over det. no er eg truleg ikkje moderne lenger. men eg ser framleis slik ut:

nerdestil1web

det at eg støtt ser slik ut, gjer at eg tykkjer det øverste sitatet, “I dag valgte jeg en nerdestil”, er litt fornøyeleg. her driv faktisk folk og vel stilen sin frå dag til dag, medan folk som meg går i kring og ser slik ut ‘heilt av oss sjølve’, og nokså permanent. eg har rett nok valt å ta på meg briller, fordi eg eigentleg ikkje har noko særleg val.

nerdestilweb

den klåre føremona med at nerdestilen vart allmenn og ‘in’, var dei store brillene den drog med seg. eg liker at heile boksida får plass i glaset når eg les. om du ikkje skjønar dette, er det anten fordi du ser som ein hauk, eller les for lite.

bonus frå kommentarfeltet til brilleoversynet “hvilken nerd vil du være?”:

– Man trenger jo ikke vere nerd selv om man bruker briller….
– engi [sic]