“oi. der datt den i golvet”
“ka då?”
“Dag Solstad. Den som eg er så glad i”

Ida er ikkje så glad i Dag Solstad om dagane. Det går for seint, og ho ser meir glede i å rekne ut kor mange prosent ho har lese enn å faktisk bli ferdig med boka. Det går treigare med lesinga enn rekninga. For alle som veit kor glad Ida er i matte, seier det litt om motivasjonen.

-i