men når det nærmar seg enden av veka går det an. då kan ein lesa fuglane. det kan også også henda at ein lesa fuglane, og vera ferdig til onsdag, men fint er det no likevel.

fuglane2

eg har illustrert utgåve! (eg har sett filmen bileta er tekne frå òg. tykkjer det var ei særs god filmatisering.)

fuglanew

som om ikkje det er nok, er boka litt illustrert av førre eigar. ho (ut frå skrifta gissar eg på hokjønn) har mellom anna sett somme av dei vanskelegare nynorskorda om til bokmål. og teikna raude strekar i margen utanføre interessante tekststader. kjekt å vita at boka har sett litt av verda. dessutan er det ei føremon å sjå kva eg skal bita meg merke i, allereie på fyrste gjennomlesing!

det var nok om boka i fyrste omgang. no må det fagre bokmerket – del av ei teøskje – få litt spalteplass:

bokmerkew

fine ord, og ein kinesisk katt som målar og drikk te frå ei pære-tekanne, lyser opp når det er torevêr ute. til liks med resten av bokkråa:

toreverw

her flyktar eg frå kjipe kvardagar, her drikk eg te og les pensum om morgonane, her tenner eg ljos og drikk vin om kvelden, her varmar eg meg på sauefellen når eg kjem inn frå regnet, her bur eg heile hausten.