eg reflekterer litt over morfologiførelesinga eg var på tidlegare i dag, og presenterer dagens toppliste over nytileigna kunnskap:

(lista er sjølvsagt i omvendt rekkjefølgje, for å halda det spanande)

3. plass:

palatal framføre vokalsuffiks, og velar elles

den aldeles uforståelege overskrifta refererer til dette at somme av verba som har endingsformer som inneheld ein -e, ofte smett inn palatalkonsonantar i nokre av formene. palatalar er lydar som “gj” og “kj”, og ein finn dei i verb som “byggja” “tenkja” og så bortetter. ein ser at desse lydane ikkje følgjer med verbet heile vegen, for nokre former av verbet har berre velarkonsonant (g eller k). ein skriv jo “bygde” og “tenkt”, ikkje “bygjde” og “tenkjt”. om palatalen får vera med eller ikkje, avgjer bøyingsendinga til verbet; byrjar endinga med ein vokal, får ordet palatal, byrjar endinga med ein konsonant, får ikkje ordet palatal. sjå berre: i “byggja” er endinga -a, ein vokal, og palatalen smett seg inn. “bygde” har endinga -de, og palatalen får ikkje vera med. kjekt?

2. plass:

kløyvd infinitiv

så vanskeleg! kløyvd infinitiv er ein ressurs ein kan bruka i nynorsk, ein kan lata somme verb enda på -a og somme på -e i infinitiv, i ei og same tekst, utan at det er feil eller rot. mønsteret for fordelinga av -e og -a er så innfløkt at ein helst bør ha fenomenet i dialekta si for å greia å gjera det rett. dialekter som faktisk har kløyvd infinitiv i seg, finn ein stort sett på austlandet, eg fann dømet under ein annan stad på veven:

“Med ‘kløyvd infinitiv’ menes det systematiske skiftet mellom a-endelser og e-endelser vi finner i infinitiv i østlandske dialekter.
Folk som har sine røtter i opprinnelig Oslo-dialekt, kan for eksempel si:

“Ska’ru værra me på kino, fårru huske på å ta me penger”
(Skal du være med på kino, får du huske på å ta med penger)

Her har du to infinitiver, en med a-endelse, og en med e-endelse (‘værra’ og ‘huske’).”

forklaringa på fenomenet må ein heilt attende til norrønt for å finna. då var einaste infinitivsendinga -a. så tok dette til å endra seg – ord som hadde omlag likt trykk på begge stavingane (jamvektsord) heldt på a-endinga, medan dei som hadde mindre trykk på siste staving (overvektsord), fekk e-ending i staden (i trøndelag fall denne endinga faktisk heilt vekk). trykk her for ei betre utgreiing.

1. plass:

preteritopresentiske verb

vinnaren i dag er dei preteritopresentiske verba. mest grunna namnet, sjølvsagt. medan dei sterke verba har vokalveksel frå infinitiv til preteritum (fortid), har preteritopresentane slik veksel frå infinitiv til presens (notid). preteritopresentiske verb i nynorsk er kunne, skulle, måtte og vite (og vilje i ein parantes).

døme:

sterkt verb: (å) bera – ber – bar – (har) bore
(vokalveksel frå e til a)

preteritopresentisk verb: (å) kunne – kan – kunne – (har) kunna
(vokalveksel frå u til a)

det har seg slik at presensforma (notid) til denne fornøyelege siste gruppa ein gong har vore ei sterkbøygd preteritumform (fortid), ein kan jo tenkja seg til eit døme: “i går kan eg sjå lenge på fjernsyn, men i dag har eg ikkje tid”. kva notidsforma var den gongen er ikkje godt å seia, men den var sikkert ganske kjip sidan dei bytte den ut med fortidsforma. “kunnar”, kanskje? “eg kunnar ikkje sjå på fjernsyn i dag, men det kan eg i går”.

tapar:

dagens klare tapar er hankjønnsordet “kvist“, som etter korrekt nynorsk rettskriving insisterer på å ha bøyingsmønsteret kvist – kvisten – kvister – kvistene. fy for skam!