til: frøken belle / husværet                                                                            10.09.09

søknad om oppvaskpermisjon

då eg har redusert husværet si drikkekarsamling med gjennomsnittleg eitt glas per oppvask dei to siste dagane, ser eg meg nøydd til å halda meg vekke frå slik aktivitet eit bel. det var fine glas, og det var ikkje med vilje. det var eigentleg mest oppvaskbørsten si skuld, utan at eg heilt kan forklara kvifor.

vonar på positivt svar.

mvh

frøken dativfleirtal
framleis klesvaskansvarleg